Daglege turar heile sommaren
Helgeavgangar i Mai, August og September
Avgangstidspunkt frå Selje: Sjå booking kalender
Varighet: 2 timar
Prisar:
Guida tur: Vaksne Kr. 429,- / Born Kr. 199,-
Vi har eigne prisar for gruppeturar og skuleklasser.
Send oss gjerne ein e-post for eit uforpliktande tilbod.
Oppmøtestad: Seljevågen (6740 Selje) Møt opp 15 minutt før.
Du finn oss ved flytebrygga i Seljevågen på torget rett ved Sankt Sunniva statuen. Midt i mellom Coop Prix og Shell/Bunnpris.
Klosterbåten “Selja” tek deg med på ein guida båttur til Selja Kloster.
Du får og tid til å utforske klosteranlegget og nyte stillheita på Selja.
På den guida turen, kan du lytte til den spennande legenda om St.Sunniva og lære meir om livet på klosteret.
Dersom du ønsker å gå stien til Bø, går vi innom her på vegen tilbake. På tur ut går vi nordsida av øya, og på sørsida på vegen tilbake.
Rutebåt frå Selje til Bø, sjå
www.skyss.no
Selja Kloster
Legenda om Sankta Sunniva danna grunnlaget for etableringa av den norske kyrkja. Gjennom heile mellomalderen var Sunnivakulten eit viktig mål for pilegrimar som valfarta til Selja. Selja var bispesete for Vestlandet frå 1068-1170, og rundt år 1090 etablerte engelske benedictinarmunkar landets første kloster. På øya dyrka dei urter og bryggja øl, dreiv gardsdrift og handel, stelte sjuke, las og bad. Klosteret hadde si stordomstid på første halvdel av 1300-talet, og anlegget må ha vore eit praktfullt syn, med søylegangar, bogar og flotte ornament uthogde i stein. Då svartedauden kom i 1348/-49 vart drifta redusert, og under reformasjonen vart klosteret nedlagt, plyndra og lagt i ruinar.
I dag kan du mellom anna klatre opp den smale trappa i kyrkjetårnet, lytte til kyrkjeklokka med den vakre klangen og gå inn i den heilage Sunnivahola, som i følgje Sigrid Undset er ”Norges eldste kirketak”. Klosterkyrkja og Sunnivahola har aldri vorte avvigsla, og det er derfor i vår tid mogleg å halde mellom anna bryllaup, barnedåp og konfirmasjon her. Frå den vesle Sunnivakjelda kan du drikke vatn, som ifølge legenda skal vere helsebringande.
Båtturen er ei naturoppleving i seg sjølv. På turen ut går vi på nordsida av øya der du har utsikt mot sørsida av Stadthalvøya og det berykta Stadthavet. Herifrå kan du studere dei bratte klippene som omslyngar den historiske staden Drage, der Vikingane drog skipa sine over fjellet for å unngå å forsere Stadthavet. På turen tilbake går vi på sørsida av øya, der du har utsikt mot Kråkenes fyr, Skognsnes fyr, Silda, Barmen og det planlagte innløpet til Stad Skipstunnell. Trekk inn den friske sjølufta og nyt utsikta. Er vi heldig, får vi selskap av havørn på turen.
For meir informasjon om Selja Kloster, sjå www.seljakloster.com
Her kan du ta ein virtuell tur gjennom Selja Kloster slik det ein gang var